Vedtekter for Sunnhordland Amatørkulturråd
(vedteke på stiftingsmøtet 27. juni 2018 )
- 1 Organisering Sunnhordland Amatørkulturråd er eit felles organ for amatørkulturlivet i Sunnhordland. Det gjeld for følgjande kommunar: Stord, Bømlo, Austevoll, Fitjar, Etne, Sveio, Tysnes og Kvinnherad.
Amatørkulturrådet er eit frivillig, partipolitisk nøytralt og uavhengig organ for kulturorganisasjonar, lag, kulturgrupper og lokale kulturråd. - 2 Føremål
Sunnhordland Amatørkulturråd skal arbeida for at innbyggjarane i dei åtte kommunane skal få ein moglegheit til å utøva og oppleva kultur ut frå sine respektive ønske og behov.
Amatørkulturrådet skal vera ein positiv verdiskapar og pådrivar i samfunnet for å styrke vilkåra for amatørkulturen og fungera som ei drivkraft for kulturlivet.
Arbeidet i amatørkulturrådet skal leggja vekt på frivillig innsats, demokrati, likeverd og lojalitet.
All kulturell aktivitet skal byggja på grunnverdiar som kulturglede, fellesskap, inkludering, meistring og oppleving. - 3 Oppgåver
Amatørkulturrådet skal mellom anna:
• Styrke amatørkulturen si rolle og rammevilkår i Sunnhordland.
• Styrke samarbeidet mellom alle frivillige kultur- og amatørkulturorganisasjoner i Sunnhordland.
• Amatørkulturrådet skal vera eit felles talerøyr for det frivillige kulturlivet andsynes politikarar, offentlege styresmakter og kulturlivet sine eigne fellesorganisasjonar.
• Dokumentera og synliggjera breidden i amatørkulturlivet.
• Vera ein utviklingsarena og skapa møteplassar mellom det offentlege og amatørkulturlivet. - 4 Medlemskap
Alle kulturorganisasjonar som har sitt virke innanfor amatørkulturlivet og/eller som har hovudvekta av arbeidet sitt innanfor amatørkulturområdet kan vera medlem av amatørkulturrådet.
Medlemskap i rådet er gyldig når laget/organisasjonen har stadfesta medlemskapen, og har ein ansvarleg kontaktperson vald av medlemsorganisasjonen.
Amatørkulturrådet har ikkje medlemskontingent. - 5 Øvste mynde
Årsmøtet er Amatørkulturrådet sitt øvste mynde/organ. Mellom årsmøta er styret øvste lagsorgan. - 6 Årsmøtet
Årsmøtet skal haldast årleg innen 1. mai.
Styret kallar inn til årsmøte med minst 1 månads varsel. Frist for innsending av forslag til årsmøtet er to veker før årsmøtet blir halde. Innkalling skal sendast til kontaktpersonen i dei ulike medlemsorganisasjonane. Dei aktuelle organisasjonane må vera medlemmer i Sunnhordland Amatørkulturråd.
Lovleg innkalt årsmøte er vedtaksført med det talet godkjende representantar som møter fram. - 7 Røysterett, valbare, tale og forslagsrett
Kvart styremedlem i Sunnhordland Amatørkulturråd og to representantar frå kvar medlemsorganisasjon har røysterett. For å kunna røysta må ein ha fylt 15 år og vera registrert som medlem i sin respektive organisasjon. Samtlege frammøtte blant medlemsorganisasjonane har tale- og forslagsrett. Ingen kan møta eller røysta ved fullmakt. Det kan ikkje veljast representant som er tilsett i ein medlemsorganisasjon. Politikarar og administrasjon fra dei åtte kommunane som utgjer Sunnhordland Amatørkulturråd har møte- og talerett, men ikkje røysterett. - 8 Leiing av årsmøtet
Årsmøtet skal leiast av vald møteleiar. Møteleiaren treng ikkje vera blant dei representantane som har røysterett. Dette gjeld også for årsmøtesekretæren. - 9 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal :
• Godkjenna dei frammøtte representantane
• Godkjenna innkalling, saksliste og dagsorden
• Velja møteleiar og referent, pluss to representantar til å underskriva protokollen
• Handsama årsmeldinga, revidert rekneskap og innkomne forslag
• Vedta budsjett
· Velja leiar (frå styret), åtte styremedlemmer fordelt geografisk med eitt styremedlem frå kvar av medlemskommunane: Stord, Bømlo, Austevoll, Fitjar, Etne, Sveio, Tysnes og Kvinnherad. I tillegg skal det veljast åtte varamedlemmer med ein frå kvar av dei same kommunane. Leiar skal veljast for 1 år. Samtlege styremedlemmer vert valde for 2 år kvar. Minst fire styremedlemmer er på val kvart år. Varamedlemmer skal veljast for 1 år.
Styrerepresentasjonen bør vera jamt fordelt både ut frå kjønn og sjanger.
Valkomite, samansett av leiar og to medlemmer, vert vald for 1 år. Revisor skal også veljast for 1 år. - 10 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal innkallast av styret med minst 14 dagars varsel etter:
1. Vedtak på årsmøtet
2. Vedtak av styret
3. Skriftleg krav frå 2/3 av medlemsorganisasjonane. - 11 Vedtektsendring
Endringar i vedtektene for Sunnhordland Amatørkulturråd kan berre skje på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, og krev 2/3 røystefleirtal. Eit samrøystes styre kan, når særlege omsyn tilseier det, vedta midlertidige lovendringar mellom årsmøta. Lovendringsforslaget skal då behandlast og godkjennast på første årsmøte. - 12 Oppløysing
Amatørkulturrådet kan berre oppløysast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte og krev eit 2/3 røystefleirtal. Ved ei eventuell oppløysing skal årsmøtet fordela alle eventuelle eignelutar. - 13 Styret
Sunnhordland Amatørkulturråd skal leiast av eit styre valt på årsmøtet.
Leiar skal veljast på årsmøtet, medan styret konstituerer seg sjølv når det gjeld dei andre verva. Valde varamedlemmer har møte- og talerett i styremøte, men berre røysterett når dei møter for eit av styremedlemmene.
Ved likt stemmetal i saker som styret handsamar, har leiaren dobbelrøyst.
Styret sine oppgåver er å arbeida i tråd med det føremålet og dei oppgåvene som er vedtekne av årsmøtet. Styret skal førebu sakene som skal opp i årsmøtet.
Styret kan vera arbeidsgjevar for personell tilsett for å ivareta særskilde oppgåver for amatørkulturrådet og det frivillige kulturliv-/amatørkulturlivet i Sunnhordland. - 14 Signatur
Rådet er forplikta ved signatur av leiar og eit styremedlem i fellesskap. - 15 Bankfullmakter
Styret kan avgjera kven som skal ha tilgang til rådet sin bankkonto (disposisjonsfullmakt
eller nettbanktilgang).