Sunnhordland Amatørkulturråd

 

27. juni 2018 blei Sunnhordland Amatørkulturråd stifta av representantar for det friviljuge og amatørbaserte kulturlivet i Sunnhordland.

Sunnhordland Amatørkulturråd er ein paraplyorganisasjon for alle som driv med kulturaktivitetar på fritida:

Lag, foreiningar, organisasjonar og enkeltpersonar innanfor alle kulturuttrykk.

Jo fleire me er, jo større gjennomslagskraft har me.

Medlemskapet er GRATIS, og me håpar at også de vil bli medlem av Sunnhordland Amatørkulturråd.

Sunnhordland Amatørkulturråd er enno i startfasen, og me vil jobba for å få så mange medlemmer som mogeleg.

I løpet av 2019 har me ambisjonar om å invitera til ein amatørkulturkonferanse.

Lukk meny