27. juni 2018 blei Sunnhordland Amatørkulturråd stifta av representantar for det friviljuge og amatørbaserte kulturlivet i Sunnhordland.

Sunnhordland Amatørkulturråd er ein paraplyorganisasjon for alle som driv med kulturaktivitetar på fritida: Lag, foreiningar, organisasjonar og enkeltpersonar innanfor alle kulturuttrykk. Jo fleire me er, jo større gjennomslagskraft har me.

Medlemskapet er GRATIS, og me håpar at også de vil bli medlem av Sunnhordland Amatørkulturråd. 

Sunnhordland Amatørkulturråd er enno i startfasen, og me vil jobba for å få så mange medlemmer som mogeleg. I løpet av 2019 har me ambisjonar om å invitera til ein amatørkulturkonferanse.

Viktige saker for Amatørkulturrådet er å arbeida for gode og enkle tilskotsordningar, gratis møte-, øvings- og framføringslokale og å spre kunnskap om amatørkulturen. Me skal vera ein pådrivar for at det friviljuge kulturlivet har minst like gode rammevilkår som idretten, og saman med medlemmene vil me styrka rekrutteringa og marknadsføringa. Me vil óg arbeida for å synleggjera det store og mangfaldige kulturlivet i Sunnhordland.

Bakgrunnen for opprettinga av Sunnhordland Amatørkulturråd står i Hordaland Fylkeskommunes Regionale kulturplan 2015-2025:

«For amatørkulturlivet i Hordaland kan det vere av stor nytte å etablere lokale amatørkulturråd, etter modell og inspirasjon frå dei lokale idrettsråda, som kan arbeide for eit større og sterkare amatørkulturliv i fylket, og som eventuelt er samordna i eit amatørkulturråd på fylkesplan.

Eit viktig føremål for eit amatørkulturråd er å vere ei samordnande kraft for amatørkulturlaga og organisasjonane i sitt område. Det skal styrke amatørkulturlivets rolle og rammevilkår, vere ein rådgjevar for kommunen, og såleis vere ein møteplass og utviklingsdrivar mellom offentleg og frivillig arbeid.

Det er ei målsetting å prøve ut etablering av lokale amatørkulturråd i samarbeid med nokre kommunar, etter modell frå idrettsråda.»

Lukk meny